onsdag 2. desember 2009

Kvifor dette målet?

Når du skal leggja fram tankane dine for verdi, er det ein fyremun å gjera det på eit språk dei kjenner. Eg hadde tenkt å skriva på engelsk, som folk flest i verdi kjenner, men so hugsa eg slagordet um å tenkja globalt og handla lokalt. Språket er eit vindauga mot verdi, og vindaugskarmen set grensor for kva du kann sjå ut um glaset. Difor hev eg valt å skriva på målet til dei norske fille-sufane, frå Aasmund Vinje til Hans Skjervheim, desse fatige bygdagutane som vilde skoda verdi og forma språket etter henne.

Fyremunen med dette er heilt klår: med dette språket kann eg eiga språket og tøygja det etter tanken; med engelsk eller bokmål hadde språket ått meg og tøygt tankane mine. So fær me sjå kor langt dét rekk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar