onsdag 2. desember 2009

Minaretar

Sveitsarane hev vist seg å vera rædde minaretar. Det kann tyda på at muslimane der lyt greida seg med dei fire dei alt hev. Det greider dei godt. Prangande moskéar med høge minaretar er ikkje av Islam, men av Makti som likar å syna andlitet sitt som plakatar på alle husvegger eller statuar på alle torg. Dei sveitsiske muslimane er godt nøgde med å samlast: Det er lyden, folkeforsamlingi, som er kyrkja (eller moskéen) og det er samfundet deira som er minareten, tornet som stikk upp som eit bilæte i hugen deira.

Som vanleg er det ekstremistane som råder mediebilætet: Skrik og skrål skal selja nyhendi. Men dette er korkje ein siger (for dei høgreekstreme, dei kallar) eller ein usiger (for demokratiet, dei kallar), dette er ei liti sak som ikkje rører sjæli på vegen mot fridom. Den som vil sigra i denne saki, lyt læ åt båe sidor:

Forbod mot minaretar stoggar ikkje Islam, det hjelper Islam.

Å rasa mot folkefleirtalet hjelper ikkje demokratiet, det skadar demokratiet.

Kunnskapen skal fria dykk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar